• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    15.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6039, LANGEVÅG
    SULA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5995007
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Ferievikarar 2025 - Helse og meistring

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bli med oss i sommar og skap minner for livet både for deg sjølv og dei du hjelper!

Vi søker deg som vil lære meir om helse- og omsorgsyrket og som vil være ein del av eit team som gjer ein forskjel for andre.

Våre avdelingar har flinke og engasjerte fagfolk. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen.
Vi vil gjere vårt beste for at du både skal få utvikle deg og trivast på vakt. Det kan vere hektisk og utfordrande, men også veldig lærerikt.

Vi treng ferievikarar ifrå starten av juni og ut august. Vi søker sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, vernepleiarstudentar, vernepleierar, miljøterapeuter, studenter og skuleelevar.

Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingar, nokre inntil 14 timar. 

Skriv gjerne i kva avdeling du ynskjer å jobbe. Vi behandlar søknadar fortløpande.

Kvalifikasjoner:

Vi ønskjer primært personar med utdanning innan helse- og sosial, studentar, elevar eller erfaring motivasjon/ interesser for slikt arbeid.
Legg ved attest og vitnemål i søknaden
Krav om politiattest i alle avdelingane
Oppgi i søknaden kva for ei avdeling du vil arbeide i. 
Oppgi om du har førarkort

Personlige egenskaper:

Du er påliteleg, positivt innstilt og har gode haldningar i samhandling med andre.
Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
Du ønskjer å gi eit godt tilbod til pasientane våre og til å bidra i arbeidsmiljøet.
Datakunnskap og god norskkunnskap både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.

Vi tilbyr:

Moglegheit til fagleg vekst der du får god opplæring med eige introduksjonskurs for vikarar
Fagmiljø med dyktige og støttande kollega og ein meiningsfull jobb
Gunstige bonusordningar om du arbeider meir enn 6 veker
Tilpassa turnus/turnusordning
Lønn etter tariff
Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar får ekstra lønnstillegg 
Moglegheit for vidare fast arbeid på helg som kan utløyse stipendordning og påvirke lønnsansiennitet.
Gratis parkering

Vi ønsker deg velkomen som søkar til ein kjekk sommar i Sula kommune!
Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt. 

 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    15.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6039, LANGEVÅG
    SULA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5995007
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune