Ledig stilling

Sogndal kommune

Ferievikar reinhald Sogndal (SHOS)

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli vår nye kollega i sommar?? 

Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2025 til reinhald på Sogndal helse- og omsorgssenter. 

Hovudoppgåvene er dagleg, periodisk, utvask og smittevask. 

  

Arbeidsoppgåver: 

  • Dagleg, periodisk og årleg reinhald 

  • Smittevask 

  • ivareta hygiene 

  

Arbeidsperioden vil vere i tida 23.06.2024 - 18.08.2024 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe. 

  

Kvalifikasjonar: 

  • ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 

  

Personlege eigenskapar: 

  • evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre. 

  • oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag. 

  • Imøtekommande 

  

Spesielle vilkår for stillinga: 
Dei som vert tilsett må leggje fram: 
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato. 

  

Me tilbyr: 

  • Ein variert og god arbeidsplass der me prioritera god service. 

  • Opplæring 

  • Løn etter tariff jf. HTA. 

  

Mi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

  

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Tilsetting blir gjort fortløpande.