Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Fagarbeidar og assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Slåtten er ein 1. -7. skule med 420 elevar. Slåtten skule og SFO har godt omdømme og vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Uteområdet vårt er stort og blir mykje nytta både i skule og SFO. Vi vil gjerne ha med på laget positive personar som likar å vere ute, og likar å vere aktive. 

Vi har ledig: 
  • 100 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar/ assistent

Stillinga kan følge kalenderåret eller skuleåret. Stillingane krev at ein er fleksibel og kan gå i vaktsystem på SFO i tillegg til skuletida. 

Vi tilbyr: 
  • arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver, med stor variasjon
  • eit godt fagleg og sosialt miljø
  • tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande løns- og pensjonsvilkår
Krav til søkar: 
  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar og andre med interesse for fagfeltet
  • det er ønskeleg med relevant erfaring
  • gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg
Vi søker deg som har: 
  • relevant erfaring
  • gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg

Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stilling.

Du bør: 
  • vere god på relasjonsbygging
  • like å arbeide med barn
  • ha god allmennkunnskap og erfaring frå arbeid med ulike elevar/elevgrupper med spesielle behov
  • arbeide sjølvstendig og systematisk og ha gode samarbeidsevner
  • vere fleksibel og engasjert
  • vere ein tydeleg og trygg vaksen med god relasjonskompetanse

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Arbeidsoppgåver: 
  • Oppfølging av elevar med spesielle behov, som t.d. pleieoppgåver, sosial trening, åtferdsstøtte og stimulering til læring.
  • Planlegging og gjennomføring av aktivitetar for barnegrupper, ute og inne

Stillingar som følger skuleåret får eit trekk på 11 % på lønsutbetalinga for å få løn i skulefrie periodar og dagar.

Utlysinga gjeld også stillingar som måtte kome til. 

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.