Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
03.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5645955Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 19.03.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Fagarbeidar eller assistent i Flekke barnehage, vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig 100 % vikarstilling som barne- og ungdomsarbeidar eller assistent i Flekke barnehage frå snarast og fram til 31.01.2025. Oppstart er snarast, men seinast frå august.
Vi ligg naturskjønt til nær sjøen, med kort veg til turområde i bygda, difor er vi mykje utandørs heile året, og uteområdet vårt har både tilrettelagde og naturlege utfordringar.
- Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Andre med erfaring frå barnehage kan og søkje på stillinga.
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga
Vi tilbyr
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Givande leik med flotte barn kvar dag
- Ein variert og kjekk kvardag
- Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
- Innmelding i pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
03.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5645955Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 19.03.2024