Ledig stilling

Ål Kommune

Fagarbeidar/assistent Torpo barnehage

Offentlig forvaltning

Har du eit friår, er student, har reiseplanar som skal finansierast eller ønskjer deg ein meiningsfull jobb? Vi har ledig 100% mellombels stilling som fagarbeidar/assistent i Torpo barnehage. 

Å jobbe i barnehage er ein svært lærerik, variert og morosam jobb. Du får vera saman med barn, og legge til rette for trygge og fine dagar. Jobben er samfunnsnyttig, og du vil vera med på å gjera ein forskjell.

Du har fri kvar kveld og helg. Du vil jobbe saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte vaksne. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha gode dagar.

Torpo barnehage er ein to-avdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år. Barnehagen ligg sentralt til på Torpo og med kort veg til skogen, ballbinge og gymsal på skolen, og har eit uteområde med variert terreng og ein fin, liten skog innanfor gjerdet.

Torpo barnehage har fokus på «leik som kompass i barnehagen sitt uterom» og eit personale som arbeider med både hovud og hjarte. Vi er opptekne av å skape ei tydeleg pedagogisk ramme om vår verksemd, der det er plass til at barn og vaksne saman skal fylle ramma med innhald.

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og/eller anna relevant bakgrunn

Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:

  • er positiv
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
  • er løysingsorientert, fleksibel og lojal
  • kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • barnehagar med sterke utviklande og faglege miljø
  • engasjerte tilsette
  • stabil personalgruppe
  • kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
  • pensjonsordning KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Politiattest og søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Vi ser fram til å motta søknadan din!