Ledig stilling

Sogndal kommune

Fagarbeidar/assistent - Nybø barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ledig vikariat som fagarbeidar / assistent i Nybø barnehage! 

Nybø barnehage ligg flott plassert ved Sognefjorden på Leikanger i Sogndal kommune, 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode buss samband mellom Sogndal sentrum og Leikanger, og Balestrand og Leikanger. Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune. 

Nybø barnehage har dette barnehageåret 49 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø.

Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar heilt nede ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, sentrum, idrettshall og andre funksjonar. Temaet for barnehageåret 2025/2026 er friluftsliv og matglede.

Barnehagen har 16 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.

Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert barne- og ungdomsarbeidar / assistent, som er relasjonssterk og inkluderande til ein velfungerande barnehage. 

Stilinga:

  • Fagarbeidar/assistent, 100% vikariat 01.09.2025 - 31.07.2026 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø 
  • medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet 
  • personalressurs og drift i barnehagen 
  • bidra til eit godt samarbeid med føresette 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Barne- og ungdomsarbeidar 
  • ufaglærte med relevant praksis kan og søke 
  • gjerne arbeidserfaring frå barnehage 
  • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg 
  • menn vert oppmoda om å søkje 

 

Personlege eigenskapar: 

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar 
  • fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar 
  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa med føresette og kollegaer 
  • likar å arbeida i lag med andre 
  • taklar høgt tempo i kvardagen 
  • fyrstehjelpskompetanse  
  • godt humør 
  • leiken og aktiv 
  • taklar høgt tempo i kvardagen 

 

Me tilbyr 

  • ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 
  • eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå  
  • engasjerte og støttande kollegaer  
  • leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy 
  • gode pensjons- og forsikringsvilkår 

 

Politiattest krevst for stillinga 

 

Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som barnehagelærar og vidareutviklar av Nybø barnehage 

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til styrar i Nybø barnehage, Veronika Gjermo, tlf 47666678 / e-post: veronika.gjermo@sogndal.kommune.no