Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
23.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6040978Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Fagarbeidar/assistent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kjørnes barnehage ligg flott til i byggefeltet på Kjørnes 4 km utanfor Sogndal sentrum. Det er gode bussforbindelsar, sykkel- og gangveg mellom Sogndal sentrum og Kjørnes. I Kjørnes barnehage har me eit stort og flott uteområde med skog og utsikt over Sognefjorden. Me har mange turmoglegheiter i nærområdet; naturleikeplassen Storaneset, Vikane (badeplass), ballbinge, leikeplassar og skogsområde. Kjørnes barnehage er ein 5-avdelingsbarnehage der me legg vekt på fysisk aktivitet både ute og inne, og friluftsliv heile året. Me har felles gymrom for heile barnehagen, og på avdelingane er det tilrettelagd rom for fysisk aktiv leik. Ute har me klatrevegg, tre til å klatre i og stort område med ulendt og variert terreng som gir gode moglegheiter for kreativitet og motoriske utfordringar. https://www.kjornes-bhg.no/
Det er ledig 100 % vikariat som fagarbeidar/ assistent i Kjørnes barnehage i Sogndal kommune frå 24.03.2025 - 13.07.2025.
Arbeidsoppgåver:
- Medverka til å skapa eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø.
- Leggja til rette for og gjennomføra aktuelle dagsplanar og vera der for barna.
- Bidra til barna si utvikling og leik både inne og ute.
- Samarbeida med kollegaene og med føresette.
- Hjelpa til med praktiske oppgåver som påkledning, rydding m.m.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Anna relevant utdanning som sosialt arbeid, vernepleiar, barnevernspedagog, idrett, friluftsliv.
- Erfaring med barn og unge.
- Beherskar norsk godt, både lesing, skriftleg og munnleg.
- Du kan søkje om du ikkje har godkjend relevant utdanning eller relevant praksis/erfaring.
Personlege eigenskapar:
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar.
- Fysisk aktiv og leiken.
- Interesse for friluftsliv, fysisk aktivitet og mat.
- Engasjert i barna, tek initiativ og ansvar.
- Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar.
- Likar å arbeida saman med andre.
- Taklar høgt tempo i kvardagen.
- Godt humør.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Kjekke og varierte dagar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode velferdsordningar.
- Oppfølging og rettleiing
- Bedriftstrening
Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø
I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå barn, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlendt og nytenkjande. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle barna i den langstrakte kommunen vår.
Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen:
Samskapande – Open – God – Nysgjerrig Bli betre kjend med Sogndal kommune her: www.sogndal.kommune.no
Sogndal kommune er ein stad full av unike opplevingar, vakker natur og spanande arbeidsplassar. Dersom du treng tips til kva du kan finne på når du har fri har me aktivitetskalendaren Kva skjer?
Her kan du få tips til aktivitetar innan kultur, idrett og andre arrangement som skjer i dei ulike bygdene våre.
Andre opplysningar:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
23.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6040978Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
100% fast stilling som pedagogisk leiar
Ål Kommune
ÅL -
Tilkallingsvikar
Aukra kommune
AUKRA -
Barnehagelærarar - Sagatun barnehage
Sogndal kommune
Balestrand -
Pedagogstillingar ved Hemsedal barnehagar hausten 2025
Hemsedal Kommune
HEMSEDAL -
Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL