Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
27.02.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6530219Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Fagarbeidar
Offentlig forvaltning
Ål kommune har 5 kommunale barnehagar av ulik storleik (2 til 6 avdelingar).
Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring, styrkebasert tankesett, inkluderande praksis og spesialundervisning, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål.
Som fagarbeidar i barnehage må du først og fremst like å vera saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.
Vi treng:
- 100% vikariat fagarbeidar i perioden 01.04.26- 31.07.26 – pt Skattebøl barnehage
- 60% vikariat fagarbeidar i perioden 01.04.26-31.07.26 – pt Nordbygdene barnehage
Kvalifikasjonar fagarbeidar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som
- Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
- Trivst i lag med små barn.
- Er utadvent og trygg på deg sjølv.
- Beherskar det norske tale- og skrivemålet godt.
- Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- Barnehagar med eit god fagleg miljø.
- Personalgrupper som verdsett humor i kvardagen.
- Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
- Pensjonsordning i KLP.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.
Politiattest og søknad
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
27.02.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6530219Se her for andre jobber fra Ål Kommune