• Bedrift
    Regionrådet for Hallingdal
  • Søknadsfrist
    01.11.2019
  • Stillingsfunksjon
    Administrasjon
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig administrasjon tilknyttet næringsvirksomhet og arbeidsmarked
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Ønsket Språk
    NORSK
  • Adresse
    3579, TORPO
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2150797
  • Se her for andre jobber fra Regionrådet for Hallingdal
  • Oppdatert 09.10.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Regionrådet for Hallingdal

DAGLEG LEIAR

Offentlig administrasjon tilknyttet næringsvirksomhet og arbeidsmarked

LEDIG STILLING DAGLEG LEIAR

Ein av dei mest spennande jobbane i Hallingdal.

Regionrådet for Hallingdal er på jakt etter ny
DAGLEG LEIAR

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL
Regionrådet for Hallingdal er eit samarbeids- og interesseorgan for kommunane i Hallingdal (Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol). Samarbeidet vart etablert tidleg på 1950 talet og det har vore fast sekretariat med dagleg leiar frå 1995. Regionrådet skal arbeide for utvikling av regionen gjennom prioriterte satsingsområder. Regionrådet for Hallingdal er også eit politisk, strategisk samarbeid der vi jobbar saman for felles strategiske mål, posisjonering og påverknadsarbeid til beste for Hallingdal.

Kan dette vera ein jobb for deg?
Ål kommune er vertskommune og arbeidsgjevar, medan Regionrådet for Hallingdal har styringa både med arbeidsoppgåver, rapporteringslinje og tilsetjingsprosess. Arbeidsstad er Torpomoen.

Sentrale arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil m.a. omfatte:
Dagleg drift

- Leie Regionrådet sitt kontor og tilsette, og ha administrativt ansvar for rådet si verksemd
- Saksutgreiing og uttaler i viktige saker for regionen

Utoverretta arbeid

- Leie prosessar, utgreie og gjennomføre tiltak i Strategisk plan for Hallingdal og anna utviklingsarbeid
- Vera ein pådrivar og initiere prosjekt til beste for Hallingdal
- Styrke samarbeid og samhald i regionen
- Ta initiativ i saker av regional interesse
- Bidra til styrking av regionen sitt næringsliv og profilere Hallingdal
- Arbeida for auka verdiskaping basert på lokale ressursar
- Arbeide for betra kommunikasjon i og til Hallingdal

Kvalifikasjonskrav
Du har høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå, fagleg bakgrunn og administrativ erfaring frå offentleg eller privat sektor. Du må også ha kunnskap om kommunane som samfunnsutviklar. Det blir lagt vekt på god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar
Me søker etter ein kontaktskapande, utadvendt og kreativ person, som kan bidra til positiv samhandling og utvikling i Hallingdal. Du er utviklingsorientert, sjølvstendig, har stor arbeidskapasitet, gode samarbeidsevner og eit sterkt engasjement for regionen.

Me tilbyr

- Mogelegheiter til å vera med å påverke morgondagens Hallingdal
- Spennande arbeidsoppgåver for ein region me er stolte av å bu og arbeide i
- Eit regionråd prega av engasjement og vilje til samarbeid til det beste for Hallingdal
- Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar

Søknad
Tilsetjing skjer etter kommunalt avtaleverk og på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar.
Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader behandlast konfidensielt. Deretter vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Du vert varsla dersom unnatak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje

Ta gjerne kontakt med Regionrådet for Hallingdal ved Solveig Vestenfor, ordførar Ål kommune, tlf.98873422, for meir informasjon om stillinga.

Søknadsfrist: 1.november 2019
Send inn søknad og CV på e-post: regionraadet@hallingdal.no

 

  • Bedrift
    Regionrådet for Hallingdal
  • Søknadsfrist
    01.11.2019
  • Stillingsfunksjon
    Administrasjon
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig administrasjon tilknyttet næringsvirksomhet og arbeidsmarked
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Ønsket Språk
    NORSK
  • Adresse
    3579, TORPO
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2150797
  • Se her for andre jobber fra Regionrådet for Hallingdal
  • Oppdatert 09.10.2019