Detaljer


BILSELJAR

Motor Service er ein bilforhandlar med lange tradisjonar i bygda vår. Me begynte med sal og reparasjonar av bilar i 1961. I dag er me merkeforhandlar for Peugeot , Suzuki og Isuzu.

BILSELJAR

Me ynskjer ein utadvendt person, som likar å jobba både sjølvstendig og saman med andre. Du bør vera strukturert og kreativ. Jobben vil bestå av sal av nye og brukte bilar, i hovudsak frå butikk, men også oppsøkjande sal. Det er ein fordel med kunnskap/interesse for bil.

Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø. Kursing/kompetanseheving og løn etter avtale.

Har du spørsmål ring Inge Arild Lirhus tlf. 901 72 945.

Søknad sendes innan 27. august til mail:post@msbil.no
eller i post til Motor Service Bilsenter, Brynalii 76 5705 VOSS