Ledig stilling

Stavanger Kommune

Barnehagelærarar/pedagogisk leiarar på oppvekstsentera Sjernarøy, Ombo og Fogn

Er du utdanna barnehagelærar og ønsker å vere med å forme framtida? Er du ein varm og tydeleg vaksen som vil møte barna våre kvar dag? Liker du å samarbeid med andre i team? Då bør du søke stilling som pedagogisk leiar i barnehagane på oppvekstsentera i Finnøy kommunedel. 

Barnehagen på Fogn har ei avdeling, Sjernarøy har to avdelingar, medan Ombo har ei. Som pedagogisk leiar vil du, i samarbeid med dei andre tilsette, vere med å forme barna sin kvardag og det pedagogiske innhaldet i barnehagen.

Barnehagen er ein del av eit oppvekstsenter. Det vil seie at skule og barnehage held til i same bygg. Samarbeid mellom barnehage og skule er prioritert. Leik, nysgjerrighet og glede har vore satsingsområdet vårt dei to siste åra.

Det er gode rutetilbod til øyane, noko som gjer det mogleg å pendle med hurtigbåt frå byen og/eller med ferje frå Judaberg.

Kvalifikasjoner:

Utdanning som barnehagelærar.
Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg. Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål.
Kjennskap til digitale verktøy er ein fordel.

Personlige egenskaper:

Du er ein varm og trygg vaksen med god sosial kompetanse.
Du liker å samarbeide.
Du har godt humør og liker å leite etter gode løysingar.
Du liker travle dagar og er ansvarleg og fleksibel.
Du vil vere med på å skape ein triveleg arbeidsplass. 

Vi tilbyr:

Vi har eit godt arbeidsmiljø og tilsette som liker å vere i aktivitet og leik saman med barna både ute og inne. 
Barnehagen ligg tett på naturen og vi har god plass.
Du gis høve til rettleiing og fagleg utvikling.
Stillingskode: 763700, lønn etter ansiennitet.