• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    14.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5654850
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 23.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Barne- og ungdomsarbeidar på Våge skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar på Våge skule med oppstart ved nytt skuleår hausten 2024.

Arbeidsoppgåvene i stillinga vil vere mykje knytt opp til arbeid med enkeltelevar, men du vil jobbe med klassar frå 1.-10. trinn og på SFO. Vi ser etter deg som er gode på å bygge relasjonar til barn og deira føresette, har engasjement og initiativ, og evne til å gje god omsorg for elevane. Menn oppfordrast til å søkje.

Våge skule er ein 1- 10 skule med ca. 40 elevar. Vi ligg fint til med tanke på friluftsaktivitetar, Her er skog rett bak skulen og gangavstand til både sjø og fjell. På skuleområdet er det klatrevegg, sandvolleyballbane, kunstgrasbane, ballbinge og turløype. Uteområdet vårt har både tilrettelagde og naturlege utfordringar.

Kan dette vere noko som passar for deg? I så fall håper vi at du sender ein søknad.

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Andre med erfaring frå skule kan og søkje
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

 

Personlege eigenskapar
  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

 

Vi tilbyr
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

 Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

Velkomen som søkjar!

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    14.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5654850
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 23.03.2024