Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
30.09.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Kaupanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6388061Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Avdelingsleiar/pedagog
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kaupanger skule er ein 1. -10. skule med 229 elevar og 36 tilsette. «Skulen i skogen» ligg på Kaupanger om lag 10 km frå Sogndal sentrum.
Bygda Kaupanger er ei bygd i vekst, med aukande folketal, eit allsidig næringsliv og ikkje minst ei bygd med særs store moglegheiter til allsidige idretts- og friluftsaktivitetar.
Arbeidsoppgåver:
Koordinering og oppfylging av særskilde tiltak knytt til elevar
Pedagogisk utviklingsarbeid
Planlegging av skuleår med omsyn til arbeidsfordeling i personalet
Oppfylging av elevar, føresette og tilsette
Samarbeid med andre instansar
Dagleg personalhandtering, mellom anna vikarhandtering i både skule og SFO
Utvikle struktur for administrativ organisering av skulen i tett samarbeid med rektor og tillitsvalde og vernetenesta.
Ein undervisningsdel kan verte knytt til stillinga
Me søkjer ein leiar som:
Kan inspirere, vise omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
Er løysings- og utviklingsorientert
Har faglege ambisjonar, særleg innan skuleutvikling
Er sjølvstendig og kan ta avgjersler
Har ein klar leiarprofil
Har evne til god samhandling med andre
Har god digital kompetanse
Er ein god motivator med evne til å skape gode relasjonar
Har pedagogisk utdanning
Kaupanger skule kan tilby:
Eit godt arbeidsmiljø prega av utfordringar og samhald
Kompetanseheving og tilrettelegging
Eit utviklingsorientert miljø som samstundes tek vare på tradisjonar
Ein skule med eit aktivt samfunns-engasjement
Lønn etter avtaleverket.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Tilsetting blir gjort fortløpande.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
30.09.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Kaupanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6388061Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Tilkallingsvikar Balestrand helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune
Balestrand -
Tilkallingsvikar Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Sogndal kommune
Leikanger -
Helsefagarbeidar Prestahagen
Sogndal kommune
Sogndal -
Helsefagarbeidar - Sogndal helse- og omsorgssenter
Sogndal kommune
Sogndal -
Helsefagarbeidar
Sogndal kommune
Leikanger