Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
21.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5650120Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 10.04.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Avdelingsleiar bu- og miljøtenesta Leikanger
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Den dyktige avdelingsleiaren i bu- og miljøteneste på Leikanger skal flytte og me har derfor behov for deg som ønskjer å ta over leiaransvaret der.
Me har behov for deg som har ei leiarutdanning eller har leiarerfaring. Det er ønskjeleg med helse- og sosialfagleg utdanning på bachelornivå, men lang erfaring innan arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne kan erstatte dette kvalifikasjonskravet.
Til stillinga ligg eit personal-økonomi og fagansvar. Sogndal kommune har fokus på å utvikle gode leiarar og me er mange som vil trå til for å få deg til å lukkast i jobben.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere å leie dine tilsette slik at dei får ein trygg arbeidskvardag og slik kan gi gode kvardagar for tenestemottakarane våre.
- Me ønskjer at du har fullt fokus på, og legg til rette for, at tenestemottakarar og tilsette har gode kvardagar og høg grad av trivsel.
- Sogndal kommune har utarbeida ei leiarplattform ut frå verdiane våre som me håpar at du vil jobbe systematisk etter. Dette vil blant anna sei at du skal ha ein tillitsbasert leiarstil.
- Fortsetje utviklinga av bu- og miljøtenesta ilag med resten av leiargruppa.
Kvalifikasjonar:
- Me ønskjer deg med leiarutdanning eller leiarerfaring.
- Ønskjeleg med 3-årig helse- sosial - pedagogisk høgskuleutdanning.
Personlege eigenskapar:
- Me har eit ønskje om at du kan få dei tilsette til å få utvikla seg utifrå individuelle eigenskapar.
- Det er viktig for oss at du er sjølvstendig og at du er god på å bygge relasjonar.
- Ein god leiar er tydleg når han kommuniserer med sine tilsette, både når det gjeld tilbakemeldingar og på forventningar.
- Ein viktig eigenskap er også at du viser fleksibilitet i høve endring og omstilling.
- Me ønskjer også velkommen deg som er nytenkjande og som har eit ønskje om å prøve ut nye tankar og idear.
Personlege eigenskapar og gode referansar vil verte vektlagde.
Me tilbyr:
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver på ein arbeidsplass med eit tydleg samfunnsansvar.
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
- Tett og god oppfølging frå leiing og støttetenestene.
- Fleksibel arbeidstid med heimekontor inntil 2 dagar per veke.
- Tilsettetrening.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
21.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5650120Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 10.04.2024