Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
15.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6641234Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Avdelingsleiar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om eininga
Tednebakkane omsorgssenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma avdeling i tillegg til å ha eit flott hovudkjøkken med kantinedrift
Til saman har vi 45 langtidsplassar. Kvar avdeling er delt inn i små grupper med 6–8 pasientar. Vi har òg eit dagtilbod med opp til 12 plassar.
Som avdelingsleiar hjå oss vil du og vere med å leie i eit nyetablert sjukepleieteam og kan vere med påverka korleis vi utviklar teamet vidare. Ved Tednebakkane er det 2 avdelingsleiarar fordelt på somatisk og demensposter.
Vi har god fagleg dekning med både sjukepleiarar, vernepleiar, og ergoterapeut. Fleire av sjukepleiarane har spesialkompetanse som blant anna akutt sjukepleie og lindrande behandling
Hos oss arbeidar og helsefagarbeidarar, assistentar og servicemedarbeidarar i tett samarbeid med sjukepleiar/vernepleier teamet for å møte pasientanes sine behov. Vi har god kollegastøtte og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver:- Delegert personal- og fagansvar. Opplæring og oppfølging både fagleg og administrativt.
- Sikre kostnadseffektive tenester og god ressursutnytting innafor tildelte rammer
- Rettleie og støtte personalet for å sikre god fagleg utvikling og trivsel
- Kjennskap til kontinuerleg forbetring- og utviklingsarbeid. Sikre at pasientane får forsvarlege tenester
- Arbeide tett med einingsleiar og avdelingsleiarar.
- Turnusarbeid, sikre fagleg forsvarleg drift
- Delta i møteverksemd der avdelingsleiarar møtes.
- Helsefagleg høgskuleutdanning – fortrinnsvis sjukepleiar
- Helsefag med erfaring frå personalansvar/leiarerfaring vil og kunne vurderast
- Det er krav om praktisk leiarerfaring med personalansvar og / eller formell leiarutdanning.
- Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Erfaring med turnusarbeid
- Erfaring med omstillingsarbeid
Vi søkjer ein leiar som :
- Utøver eit relasjonelt og inkluderande leiarskap
- Evnar å engasjere, inspirere og motivere medarbeidarar
- Har god relasjonskompetanse, er glad i menneske og har gode kommunikasjonsevner
- Arbeider strukturert og målretta, og er engasjert i omstillingsarbeid
- Trivst med og handterer høgt tempo og eit variert spekter av arbeidsoppgåver
- Ser moglegheiter framfor avgrensingar i den daglege drifta
- Tør å tenkje nytt og utfordre etablerte løysingar når det er føremålstenleg
- Er personleg eigna for stillinga – dette vil bli vektlagt
- Gratis parkering
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein utfordrande og spennande jobb.
- Eit godt arbeidsmiljø der vi saman er opptatt av å finne gode løysingar
- Ei avdeling med erfarne, fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Einingsleiar : Hilde Elin Nilsen
Telefon: 47796852
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
15.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6641234Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
Straume -
Er du vår nye helsefagarbeidar?
Øygarden kommune
Ågotnes -
Sjukepleiar/vernepleiar 60-80% fast stilling natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Fleire ledige stillingar som sjukepleiar på Sundheimen
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Faste helgestillingar ledige
Øygarden kommune
STRAUME