Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5749992Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 24.05.2024
Ål Kommune
Aktivtetskontakt / Støttekontakt
Offentlig forvaltning
Har du tid og lyst til å gje støtte og oppfølging til menneskjer med ulike behov og i alle aldre, og gje dei ei aktiv og meiningsfylt fritid?
Då vil me gjerne kome i kontakt med deg.
Me treng aktivitetskontaktar til personar som har vedtak om dette. Tenesta er heimla i Lov om helse- og omsorgstjenester § 3.2-6b. Målsettinga med aktivitetskontakt er å gje auka sosialt samvær og følgje til ulike fritidsaktivitetar med mål om å auke meistring og livskvaliteten for den enkelte.
Oppdraget kan vere å:
- kartlegge brukarens interesser
- finne egna kultur- og fritidsaktivitetar
- motivere og legge til rette for den enkelte sin deltaking
- legge til rette for kultur- og fritidsaktivitetar som brukarane sjølv ønskjer å delta i
- motivere for nye aktiviteter
- hjelpe brukarane til å utvikle sosiale relasjonar slik at dei får ei meiningsfull fritid og auka livskvalitet
Det å vere aktivitetskontakt skal vere hyggelig og givande. Du må ha overskot til å gje av deg sjølv, vere trygg, og ha evne til å etablere kontakt, men samtidig kunne sette grenser.
Du må også vere påliteleg og stabil, samt vere villig til å forplikte deg over tid. Du må vere over 18 år.
Me tilbyr:
- varierte oppdrag/oppgåver
- rettleiing ved behov
- oppdragsavtale
- det blir utbetalt køyregodtgjersle for køyring frå heimen til bruker
- løn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovedtariffavtala
Politiattest og søknad:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Ta gjerne kontakt med oss med spørsmål om stillinga:
Miljøterapitenesta gir tilrettelagte heimetenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Miljøterapitenesta består av 2 avdelingar med kvar sin leiar.
Tina Johansson
Tlf. 91527590
Avdelingsleder avdeling 1 Miljøterapitenesta
Marianne T. Skarpås
Tlf. 959 43 697
Avdelingsleder avdeling 2 Miljøterapitenesta
Velkomen som søkjer!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5749992Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 24.05.2024
- Ditt lokale arbeidsmarked
- Del annonsen i eget nettverk
- Over 100.000 CVer registrert
- Motta alle søknader ett sted