Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Advokatfirmaet Responsa AS

ADVOKAT - VOSS

Advokat

Responsa er eit leiande advokatmiljø på Vestlandet med fokus på å yta optimal juridisk hjelp til næringsliv og privatpersonar. Målet vårt er å førebyggja og løysa utfordringar til klientane våre på aller beste vis med rett og kostnadseffektiv jus. Me tilbyr ekte engasjement og kan visa til dei beste resultat for våre oppdragsgjevarar.

Advokatfirmaet Responsa AS har kontor på Voss (Uttrågata 38), Stord (Kunnskapshuset i Leirvik), og i Haugesund (Nordsjø Kontorpark). Me er i dag totalt 17 tilsette og me har engasjement, kvalitet og mangfald som kjerneverdiar i verksemda.

Er du advokat og vil jobba i eit firma som set pris på at du er dyktig, har samarbeidsglede, engasjement og humor? Då kan du verta del av Team Responsa!


Advokat - Voss

Responsa er i stadig utvikling og vekst, og me søkjer advokat ved vårt kontor på Voss. Me søkjer deg som har sterke faglege kvalifikasjonar og ambisjonar, og som vil vera med på å vidareutvikla og styrkja firmaet vårt – og deg sjølv!

Me veit at vår suksessfaktor er dei menneska som jobbar hjå oss. Difor skal me vera eit rett val når dyktige og ambisiøse advokatar søkjer jobb. Ein arbeidsplass hjå oss skal utfordra og utvikla deg menneskeleg og profesjonelt. Du får vera del av eit solid fagmiljø med påverknad og gjennomslagskraft. Me ynskjer at du skal utfylla oss slik at vårt mangfald vert styrka. Du vil verta ein del av ein kultur der me er gode vener og der bygging av lag er viktig.

Me tilbyr gode vilkår og høve til å påverka din eigen arbeidskvardag i stor grad.

Stillinga byr på varierte og interessante utfordringar i eit firma i vekst. Voss og Hardanger er naturperler i stadig utvikling. I tillegg til ein interessant jobbkvardag, kan du leva i eit miljø med storslåtte naturopplevingar alle årstider. Voss har eit rikt samfunns- og kulturliv med m.a. Ekstremsportveko og Vossa Jazz som nokre av døma.

Arbeidsstad vil vera ved vårt kontor på Voss. Bruk av videokonferanseutstyr vil vera ein viktig del av arbeidsdagen for kontakt med kollegaer eller klientar som høyrer til områda nær Stord og Haugesund der me også har kontor.

Vårt firma ynskjer fleksible kandidatar i høve til bruk av tekniske it-løysingar og kan også tilby periodevis heimekontor for rett kandidat.

Dersom du har spørsmål; kontakt advokat Anne-Sofie Lutro på tlf 99 45 60 20.

For alle stillingar ynskjer me søknad med cv, vitnemål m/karakterutskrift sendt til: 

Advokat Anne-Sofie Lutro; anne.lutro@responsa.no så raskt som mogleg og innan 2.september 2019.